Eikhaugen Gjestegard

Eikhaugen Gjestegard ligg vakkert til i Fusa, mellom frukttrær og grøne bakkar og frodige lier. Her nyt vi gode dagar med råvarer hausta og henta i naturen kring oss.

Matoppleving

Her på Eikhaugen, så å seie midt i matfatet sår og haustar vi det vi treng for å dekke til gjestebod. Både frå havet, skogen og fjella kringom i Fusa og sjølvsagt vårt eige «Vetle Hardanger».

Restauranten er kun open for slutta lag.

Ta gjerne kontakt med oss om du har noko å feire.

Vi tek imot grupper på minimum 20 personer.

Ingen faste menyer. Vi kjem med forslag og diskuterer gjerne meny med deg.

Aktivitetar

Vakker Vestlandsnatur med fjord, skog og fjell kransar kring Eikhaugen Gjestegard. Dette utgjer ein perfekt ramme for avkopling eller munter hygge, enten du er her med kollegaer, vener eller familie.

Gardsbutikken

Gardsbutikken på Eikhaugen er verdt eit besøk i seg sjølv! Nydelige krukker og småflasker fylt med deilige smakar av sommar og sol. Frukta og bæra som vi brukar i våre geleear, safter, syltetøy og alt det andre haustar vi i all hovudsak i frukthagen «Vetle Hardanger».

Bu og sova

Våre høgkomforts gjestehytter ligg like i sjøkanten med storslegen panorama utover vakre Bjørnefjorden.

Enten du lyttar til bølgeskvulp i ein god stol på terrassen eller nyt knitrande peiseld under eit ullpledd i stova tør me lova ei befriande kjensle av ro og stille. Dei store stovene i gjestehyttene høver godt til både hygge med gode vener og til arbeidsoppgåver med nære kollegaer. Om ein vil nyte utsikten eller lese ei god bok, vandre i kultur- og naturlandskapet, slappe av med ein badstu eller eit boblebad; vala er mange. Me har pr. i dag overnatting for 20 personer på Eikhaugen Gjestegard, 10 personer i kvar av våre to hytter.
Hyttene inneheld stove med sittegruppe, tv, peis og ein spiseplass i karnappet til 10 personar, 2 bad der det eine er med boblebad og sauna. 5 doble soverom. Hyttene er innlagt fiber. Romslig og velutstyrt kjøkken.

Adresse:
Vinnessundet 20

5641 Fusa

T: 970 09 403

post@eikhaugen.no