Fjord'n Senter

- meir enn du trur


Kontakt

Tlf. 56 58 11 26
E-post: post@fjorden-senter.no
Nettstad

Adresse

Fjord'n senter
5649 Eikelandsosen

Sidan 1989 har Fjord'n senter vore eit senter for handel og service i Eikelandsosen. Her finn du det meste av det du treng frå apotekarvarer til måling. Fjord’n senter er eit naturleg handelssenter for Fusa og for dei nærmaste bygdene i nabokommunane. Me legg vekt på at senteret skal vera både ein triveleg stad å handla og ein sosial møtestad.

Uteområdet rundt Fjord'n senter er kjempefint, med benkar og plenar, og moglegheit til å koma inn med båt når ein skal handla! På sørsida av senteret ligg kommunetunet, med m.a. Fusa folkebibliotek.

Parkering

Det er mange parkeringsplassar rundt Fjord’n senter. Med inngang på tre sider av senteret er det aldri langt frå bilen til du er innomhus.


Gjestebrygge

Vi har 48 m kaiplass berre 60 m frå senteret.

Handikapparkering

Det er oppmerka plassar for handikapparkering tett ved inngangen på nordsida av senteret.

Hundeparkering

Det er ikkje eige område for hundeparkering. På grøntområde rundt senteret er det fleire tre som du kan bruka til å binda fast hunden medan du er på Fjord'n senter. Hugs å bruka hundepose om det ligg att eit visittkort.

Sykkelparkering

Ved inngangen mot nord står det sykkelstativ.

Minibank

Sparebanken Vest har minibank i Fjord’n senter. Den er tilgjengeleg døgnet rundt på nordsida av senteret.

Toalett

Toalett finn du både i fyrste og andre høgda. Handikapptoalett er i fyrste høgda.

Stellerom

Stellerommet er ved sida av toalettet i 
andre høgda.


Matservering
På Tønnekaffeen får du alt frå kaker og rundstykke til varmrettar.


Ladestasjon for elbil
Fjord'n senter har to ladestasjonar for elbilar.

60.24006, 5.747748