Oselvarverkstaden

Båtbyggjarene på Oselvarverkstaden målar opp og registrerer gamle båtar som er i ferd med å forsvinne. Det ligg mange oselvare rundt omkring i gamle naust langs kysten vår.


Kontakt

Utstillinga har ope for publikum mandag til fredag, 13.00 til 15.00. Kontoret er betjent mandag til torsdag mellom 08.00 og 15.30 telefon 56 57 52 55 , fredag er kontoret stengt.

Adresse

Hamnevegen 41
5200 Os
www.oselvarverkstaden.no


Her arbeider yngre og eldre båtbyggjarar i lag, dei unge for å læra oselvartradisjonen av dei eldre. Den tradisjonelle båtbyggjarkunnskapen om oselvaren er den mest detaljerte og komplette som finst i dag. Slik kan oselvarbyggjarane byggja båtar med nett dei eigenskapane brukarane treng. Nokre timar kvar veke kan publikum koma inn på verkstaden og snakka med båtbyggjarane og sjå på når dei arbeider. Verkstaden har òg ei utstilling i andre høgda som illustrerer tusen års bygging og bruk. Grupper kan få omvising i utstillinga og verkstaden etter avtale.

Båttypen og tradisjonen i Os er likevel mykje eldre, og sakte men sikkert utvikla han seg gjennom hundreåra, etter kvart som bruksområda, fiskereiskapen og andre ting som påverka bruken endra seg. På 1800-talet var oselvaren den dominerande båttypen mellom fiskarane på heile Hordalandskysten, og etter den store omveltinga i fiskeria kring førre hundreårsskifte, då fiskarane byrja ta i bruk større båtar som dei sette motor i, var det berre Os og Strandebarm som overlevde som båtbyggjarbygder i Hordaland.

Oselvaren er ein smekker robåt, mjukt bygd av tynne materialar og berre tre bordgangar. Han har vore kjend som ein særs lett robåt og snøgg seglar, og i tillegg som ein trygg båt. Det vert framleis skipa til kappsegling – med eigen noregsmeisterskap – for oselvarar.

60.184136, 5.471834