Lysøen

Lysøen, Ole Bull kjøpte øya i 1872 og bygde fabelbygningen “Villa Lysø” her.

Lysøen

Ole Bull henta inspirasjon frå heile verda til dette huset. Her finst utskorne roser av lokalt opphav, davidstjerner og mauriske bogar inne og russisk løkkuppel som det mest eksotiske sett frå utsida. Museet Lysøen er ope om sommaren, i opningstida går det båtskyss frå Buena i Lysefjorden. Museet Lysøen er einaste museet som ligg i Os. Museet vart etablert i 1974, då etterkomarane etter Ole Bull donerte eigedommen til Fortidsminneforeningen.

Museet femner om huset og alt som høyrde til medan Ole Bull brukte det som sommarhus. Huset er eit utruleg byggverk som det ikkje finst maken til nokon stad, og museet fortel historia om ein utruleg person, musikaren, komponisten, eksentrikaren, nasjonalromantikaren Ole Bull, kanskje Noregs største kulturambassadør gjennom alle tider.

Lysøya har 13 km gode gangstigar, flott natur, skogstjørn, utsiktstårn og badeplass både nord i Lysevågen og ved kaien nær museumsområdet.
 

Lokasjon

60.210977, 5.36886