Reis sørover – til Solkysten!
Alle har høyrt om palmekysten. Men har du høyrt om Solkysten?
Folk har alltid reist sørover for sol og varme i ferien. Sørover til varmare strøk med stabilt vér, høgare temperaturar og mindre nedbør.
Og alt lenge før bergensarar og strilar fekk råd til å reisa til Syden drog dei sydover – til ein av Norges breiaste fjordar. Til Bjørnafjorden – eit knutepunkt før og no. Nært Bergen. Nært Hardanger. Med fjord og fjell og skjergard og idylliske båthamner og ei rik historie.
Bjørnafjorden har alltid vore eit eldorado for folk i alle aldrar. For heile familien. Bjørnafjorden byr på masse natur og kultur og eit variert tilbod for store og små.
Velkomen før og no – vertskap til alle tider
Bjørnafjorden er både før og no og framtida. På ein og same gong.
Før: Ein gong i tida kom bergensarane hit med toget, med Osbanen, til pensjonat og campingplassar. Då var det ei dagsreise hit. Framleis ser ein restar av denne tida, med stasjonsbygningen intakt og flotte overnattingsstader i ærverdig, gammal stil der det dirrar av fordums storheit, der historia sit både i veggplankane, steinhellene, takmøna, ornamenteringane og rosemålingane.
No – og framtida: Samstundes som ein tek vare på det gamle, er ein tilpassa det nye her på solsida av Bergenshalvøya. Kystidyllen sør for storbyen har fleire bubilplassar tilpassa dagens reisemønster: Os Hamn, Eikelandsosen, Holmefjord, Øvreeide gård, Kuven Camping, Fusa Camping. Og på sørsida av fjorden: Våge gjestehamn på Tysnes.
Kjem du i båt, fins det ei lang rekkje gjestehamner i flotte omgjevnader – mellom anna i Øyane, som er namnet på skjergarden i kommunen. Men også i kommunesenteret Osøyro (Os Gjestehamn) og på Vinnesholmen. Ankringsplassar finn du i Strandvik, Ervikane, Skorpo, Buena kai, Engevik Gaard og på Skjørsand.
Også i nabokommunane er det fleire moglegheiter om ein vil ta strandhogg dit: Til dømes Våge, Uggdal, Onarheim, Årbakka, Solstråleøya, Godøysund (alle Tysnes) eller Ytre Tysse (Samnanger).
Bjørnafjorden er sol, sommar og softis. Bjørnafjorden er båtliv, bølgjer, bading og berre bra bollar; nydelege nybakte på kaien på Lepsøy! Grilling, godvér og glimrande, grundige gründarar som gjennom historia har skapt arbeidsplassar som lever den dag i dag.
Folk i Bjørnafjorden har alltid vore vane med å vera vertskap. Med å ta imot folk utanfrå. Slik er det framleis, og slik vil det halda fram. Bjørnafjorden har teke med seg gårsdagen inn i dagen i dag, og vil også gjera det inn i framtida.
Bjørnafjorden osar av historie, og har samstundes eit moderne handels- og restauranttilbod. Og innandørs badeland – Osbadet – om ein føretrekkjer det som alternativ til ein av våre mange idylliske badeplassar.
Ei reise i Bjørnafjorden er ei reise i kultur og tradisjonar. I før og no. Lat oss starta på det fargerike kommunsenteret Osøyro, som ligg vakkert til ved utløpet av Oselva. Passande nok ligg Oselvarverkstaden akkurat her. Den namngjetne båten finn du i kommunevåpenet. Og du finn han på elvar og på havet. Seglande, levande kulturhistorie den dag i dag, både for fastbuande og tilreisande. For like ved verkstaden, i Oselvarnaustet hjå Oselvarlaget, kan du leiga deg dit eige eksemplar av denne martiime kulturbéraren. Kva med ein færing? Ein seglbåt? Ellers ein kapproingsbåt?
Magiske Lysøen
Og når ein snakkar om Bjørnafjorden og kulturhistorie, er det heilt umogleg å komma utanom landemerket Lysøen. Det var på 1870-talet at fiolinvirtuosen Ole Bull fekk sett opp den rett og slett eventyrlege villaen. Ein fortryllande arkitekturmiks – arabisk-maurisk stil med eit karakteristisk russisk-inspirert løkkuppel-tårn, har for lengst gjort han kjent også utanfor Noregs grenser.
Villaen skal renoverast dei neste åra og er difor lukka denne sommaren, men alle er inviterte til utandørs opplevingar, og båtturen vil vera gratis.
Den nye museumsbåten «Ole Bull» vil gå i skytteltrafikk mellom Lysøen og Buena kai sommaren 2021.
I mellomalderen var Lysøen ein del av jordegodset under Lyse Kloster. Dei framleis godt varetekne ruinane av dette kan ein besøka i Lysedalen.
Spennande spasertur frå sentrum
Men tilbake til kommunesenteret Osøyro: Her skapar den driftige lokale handelsnæringa eit levande sentrum med eit rikt utval spennande butikkar som står utanfor dei store kjedene.
Og nettopp her kan du starta ei kulturhistorisk vandring som både gir friske inntrykk til sjela, og frisk luft i ansiktet. Turen har det fengande – og passande – namnet Kyststien Strandvegen.
Vi startar spaserturen frå kulturhuset Oseana som kan husa store produksjonar av ymse slag. Like ved finn du badeplassen Mobergsvika. Videre passerer du Oselvar-verkstaden, og du finn det historiske tunet Lyngheim som er knytt tett opp mot rosemålingstradisjonen i området.
Så fylgjer segnomsuste og storslåtte Solstrand, konferansesenter og overnattingsstad med djupe historiske røter. Bygt av Noregs fyrste statsminister, bergensaren Christian Michelsen – for at «de bergenske kjøpmenn skulle ha et sted å hente «kraft til sin store gjerning i Bergen by». Også i dag inspirerer staden! Og han ligg alltid høgt i konkurransen om Norges beste hotell…
Og utruleg nok – denne spaserturen blir faktisk berre betre og betre! For Moldegaard tek imot med sin flotte allé. Den frodige hagen gir ro i sjela. Element frå fleire verdshjørne gjer samstundes at tankane får vengjer, og dei flyg både til engelske herregardar og – takka vera Japanhagen – til det Fjerne Austen. Moldegaard har og eit ridesenter med historisk sus: Stallmestergården har si eiga borg!
På returen tek du med deg bonderomantikk på Bjørnafjorden gjestetun og ein 9hóls golfbane i landlege omgjevnader.
På denne drøyt timeslange spaserturen har du fått med deg alt frå norsk bondestil, til sveitservillaar og nokre verkeleg majestetiske tre av typen apenes skrekk. Alt med utsikt mot Hardanger og Folgefonna nasjonalpark, Norges nest største isbre. Den er og litt «vår», som me plar seia her på Solkysten.
Eksotiske Bjørnafjorden, smeltedigelen Bjørnafjorden. Alltid vore open for impulsar utanfrå. Det eksotiske i det nære. Og det nære i det eksotiske. Reisemål og utsiktspunkt.
Til topps
Og når vi fyrst er inne på å bruka føtene, så må vi ikkje å gløyma å snakka om fjellturar. Bjørnafjorden byr både dei høge, røffe, tøffe – og dei nære og kjære for familiar på ferie, Os sine såkalla «snille fjell»:
I sentrum av bygda finn du Liafjellet og Borgafjellet. Lett tilgjengelege; men med vid utsikt som er verd turen. Så kjem dei såkalla mediumfjella; litt høgare og litt lengre turar: Lyshorn, Linken, Møsnuken og Midtsæterfjellet.
Som det heiter i «Song til Os», der både desse trivelege toppane og fleire er omtala:
Det ligg ei bygd millom fjordar og fjell,
den vænaste nokon kann sjå.
Den fagre bygdi me kjenner so vel,
og henne held me ut’å.
Bjørnafjorden – tek deg til topps – så høgt du sjølv vil.
Fascinerande Fusa
Men Bjørnafjorden er ikkje berre Os. Bjørnafjorden er samanslått av gamle Os og Fusa kommunar. Og også på sørsida av den breie fjorden som har gitt kommunen namn, i gamle Fusa kommune, finn du ei rikt tilbod for heile familien, for store og små med både natur og kultur.
Vi kan starta med Holdhus gamle kyrkje, ei vakker etterreformatorisk kyrkje, vart truleg bygd på 1720-talet, kort tid etter at ei stavkyrkje, som tidlegare stod på staden, vart riven. Kyrkja som ligg i Hålandsdalen, har ei spennande bygningshistorie med delar frå fleire ulike periodar. I koret heng ei katekismetavle frå 1590. Kyrkja husar også Holdhusmadonnaen frå 1400-talet, Noregs einaste måla Madonna i sandstein frå mellomalderen.
I Hålandsdalen finn du og Eidegrend Klyngjetun på Eide. Her kan du ta steget inn i vår nære fortid og sjå korleis folk budde og levde på ein vestlandsgard på1800- og 1900-talet. I år 1900 budde det 23 personar i tunet. I dag kan ein mellom anna læra lefse- og flatbrødbaking på staden. Tradisjonane er godt varetekne for stadig nye generasjonar.
Gamle Fusa er også natur. Gjestehamner og ankinrgsplassar er alt nemnde. I denne delen av Bjørnafjorden finn du og kommunen sitt høgaste fjell – Tveitakvitingen som med sine 1299 meter er populær på ski til alle årstider.
På veg opp ditt kan du passera 1213 meter høge Gjønakvittingen – Bjørnafjordens svar på Trolltunga. Frå toppen er det flott utsikt frå toppen mot Folgefonna, Bjørnafjorden og sjølvsagt store delar av Fusa.
Du finn og familievennlege turar som Jettegrytestien ved Koldalselva i Eikelandsosen. I Strandvik kan ein gå den gamle postvegen til den øvste garden på Øpstad. Postføring over Fusafjellet var ein del av postvegen mellom Bergen og Stavanger. Trivst ein best i eit lågare lende, finn ein både natursti, kultursti og kyststi nede ved fjorden.
Ved Sævareidfjorden ligg Engevik Gaard, ein offisersgard fra 1700-talet, vakkert til. Garden har ni bygningar, og hovedbygninga fra 1770 er det sentrale. Engevik vart kjøpt av major Christian Wilhelm Segelcke på 1720-talet, og i dag er det 9. – niande! – generasjon som er vertskap og tek imot store og små grupper for omvisning og matservering.
Eikhaugen Gard ligg på Vinnes, med mat- og drikkeservering i den ombygde driftsbygningen. Her finn ein også ein frukthage, «Vetle Hardanger», samt ein populær gardsbutikk.
Tønnegarden i Holmefjord har storproduksjon av ein utdøyande kunst, nemleg det å laga tønner. I ny verkstad tilbyr bøkkaren omvisning i tønnefabrikken. Her får ein sjå handverkaren i arbeid, og ein får ei unik innføring i bøkkarkunsten. Kunnskap og handverk har vore overført frå slektsledd til slektsledd, i alt fem generasjonar så langt. Her er også lyse og trivelege lokale for selskap, med tilbod om tradisjonell matoppleving.
Solsida av storbyen
Bjørnafjorden er ikkje det einaste dømet på tettstad som ligg på solsida av ein storby.
Stockholm har Saltsjøbaden, Athen har Glifada, København Dragør, Lisboa Cascais.
Og Bergen har Bjørnafjorden.
Sjå mot Solkysten
Alle vegar fører til Bjørnafjorden. Bjørnafjorden er verd ein stopp i seg sjølv, og har vegar vidare til det aller meste. Ikkje berre historiske vegar, men også bussruter som Kystbussen, som tek deg både nord- og sørover. Det er utleige av syklar og elsyklar, fine sykkelvegar og gratis fjordcruise med ferjer mellom Os, Fusa, Tysnes, Stord, Fitjar, Austevoll og Bergen.
Kanskje kan du ikkje reise til Syden i sommar.
Men du kan reise sydover likevel. Til Solkysten. Til Bjørnafjorden.
Bli med på jakt!
Last ned appen og bli med på jakta du også! Oppdag Bjørnafjorden på ein annleis måte og bli med i trekninga av flotte premiar.
Scan QR-koden eller klikk her for å laste ned appen.