Eikhaugen Gjestegard
Eikhaugen Gjestegard ligg vakkert til like ved Bjørnefjorden i Fusa, mellom frukttrær og grøne bakkar og frodige lier. Her nyt vi gode dagar med råvarer hausta og henta i naturen kring oss.
Mandelhuset
Som ei kvit perla heilt i sjøkanten, ligg Mandelhuset. Dei tre gamle kvite husa med grønt listverk på den gamle dampskipskaien var tidligare landhandel og kai for fjordabåtane. No er det ein lun og koseleg restaurant der kjøkenet bruker lokale råvarer. Kjøkenet sin spesialitet er gode retter med ekte smakar, laga utan snarvegar. Maten skal vera god, mettande og laga av lokale, ferske råvarer. Fisken og skalldyra våre får me rett på kaien frå lokale fiskarar. Poteter og storfe kjem frå nabogarden.
Engevik Gaard
Tilbake til 1800-talet. Engevik Gaard er ei stolt familieverksemd som sidan 1993 har hatt gleda av å ta imot store og små grupper for omvisning og matservering. Dette flotte tunet fra 1700-tallet ligg idyllisk til ved Sævareidforden i Fusa kommune og er i dag drive av 8. og 9. generasjon. I tunet er det 9 bygningar som er tilpassa dei funksjonar dei skulle ha i eit gardshushald.
Tønnegarden
Bøkkarhandverket med produksjon av tretønner har lange tradisjonar i Fusa. Tønnegarden tilbyr opplevingar og tradisjonsmat i trivelege lokale. Her vert det både laga tønner og tønnemøblar og baka brød, lefser, flatbrød og kaker.
Oseana Kunst & Kultursenter
Kultursenter er ei unik satsing i Norge – både i innhald og struktur. Meir enn 200 millioner kroner er investert i eit fantastisk bygg som skal gje gode opplevingar innan kunst og kultur for vestlendingar.
I Oseana kunst- og kultursenter skal vi skape ”Ei verd av inspirasjon!”.
Unge og eldre, amatørar og profesjonelle – alle skal få utfalde seg. Det er plass til både opera, teater, rockekonsertar, konferansar og tilbod til lokale lag og organisasjoner.Bjørkheim Kro og Motell
Heilt sidan 1926 har Bjørkheim vore den faste stoppestaden for alle som ferdast mellom Bergen og Hardanger. Kjøkkenet vårt er kjent for den tradisjonsrike menyen sin, og vi set æra vår i at det framleis skal vera slik. Alle rom og leilegheiter har veranda med fantastisk utsikt over fjorden
Osøyro Kolonial
Våren 2017 kjøpte vi ærverdige Kleiven Kjøtt og Delikatesse. Frå nyoppussa kjøkken midt i Os sentrum produserer og leverar vi eit vidt utval av catering. I butikken sel me varer frå inn- og utland som ost, ferskt kjøtt, speka mat, tørrvarer og god drikke
Skjelbreid-Poirée
Teambuilding, møte, konferansar og selskap Berre 1 time frå Bergen ligg Skjeldbreid Poirée i nydelege Hålandsdalen. Kombiner det faglege med det sosiale, og krydre opphaldet med spennande aktivitetar. Etter eit opphald hos oss vil du dra heim full av inspirasjon, med tette band og heilt ny energi. Våre 4 individuelle verdsmeistrar har gjennom 15 år erfart kor viktig det er å skapa eit godt team for å lukkast både individuelt og som lag.
Haaheim Gard
Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh, på fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørane på Shetland er opne. Hotellet har i dag 21 rom, kor suitene er fra 35-45 m2 med eiga badstu. Rommene er innreia i historisk stil, dei fleste med rekonstuerte historiske tapetar fra svenske og norske herregårder og slott. Me har to lokale for selskap, Spisesalen og Konsertsalen, dei har plass til 70 og 80 i gjestebod, me har også Vinkjelleren som er eit lite selskapslokale til små private selskap, med plass til 12 gjester.