Ole Bulls eventyrøy

Museet Lysøen består av villaen til fiolinisten Ole Bull, og sjølve øya med skog og parkanlegg. Her finn du også eit gamalt gardstun fra 1600-talet og ein liten kafé.

Alle bygningar på Lysøen er samla på øya si austside, i nærleik til sjøen. Dominerande i landskapet er Ole Bulls villa med tilhøyrande tjenerbolig og uthus (no kafé). Ved kaien ligg også eit gamalt gardstun fra 1600-tallet; Gamletunet.

Hans ”lille Alhambra”, som han sjølv kalte det, blir betrakta som eit høgdepunkt i historismen si utfalding i Noreg.

Ole Bulls sommervilla på Lysøen vart bygd i åra 1872-73, og den er heilt unik i norsk bygningshistorie. Hans ”lille Alhambra”, som han sjølv kalla det, blir betrakta som eit høgdepunkt i historismens utfalding i Noreg. Med sitt kuppelpryda tårn, eksotisk ornamentering både i eksteriøret og i den høglofta musikkhallen, alt sirleg skåre ut i norsk furu, ligg villaen på øya som eit lyseblått eventyrslott. Villaen er open for omvisningar. Da får ein sjå musikkhallen, Ole Bull sitt soverom, anegalleriet, samt stovene i underetasjen.

På den 700 mål store øya finn du også ein fantastisk natur, 13 km med skjelsandbelagte turstiar og eit lysthus. På øyas høgaste punkt, 76 m.o.h., fin du også eit utsiktstårn reist til minne om Ole Bull. Les meir om besøk på Lysøen på denne sida.