Vilt, rått og vakkert
Har du ein draum om å komme til fjells, -og samstundes litt ut av komfort-sona? Har du lenge hatt lyst å gå den turen eller nå den toppen – gjer det saman med Mountain Adventures.
Mountain Adventure tar deg med til fjells for å vise kva fjella har å by på. Det er vilt, rått og vakkert. Å vere i fjellet er rekreasjon av ypperste klasse. Fjellet og naturen er rein medisin.
Ofte blir det berre med draumen! Mountain Adventure har som mål å realisere draumar.
Mountain Adventures er eit nyetablert fjellføringsfirma eigd og drives av Thor Arne Solberg (f.1970) busatt i Os sør for Bergen. Firmaet tilbyr turar sommersesongen og målet er å gi enkeltpersonar og små grupper, unike og trygge opplevingar i krevande fjellterreng der sikring alltid kjem fyrst!
Thor Arne har erfaring fra fleire år som terrengløpar og tinderanglar både i Romsdal, Jotunheimen og Rosendal. Han er vant til å ferdast i høgfjellet i alle typar vér, sommer som vinter. Han har også jobba 10 år som brann-og redningsarbeider. Med dette har han mykje erfaring innan redning og fyrstehjelp, noko som er viktig for ein god fjellførar.
Klatring er ein av Thor Arne sine hobbyar på fritida, og da likar han best å klatre på naturlig sikring. Han klatrer også solo, – både naturleg og sport.
Thor Arne har lenge vært «kjentmann» på fjellturar saman med vener og i grupper som blir arrangert. Klatrekurs og turlederkurs har han tatt gjennom DNT.
Les meir om aktuelle turar og andre moglegheiter på denne sida.