Entries by Loops

Haaheim Gard

Haaheim Gaard ligg høgt og fritt på 170 moh, på fine dagar seier ein at ein kan sjå om naustdørane på Shetland er opne.

Hotellet har i dag 21 rom, kor suitene er fra 35-45 m2 med eiga badstu. Rommene er innreia i historisk stil, dei fleste med rekonstuerte historiske tapetar fra svenske og norske herregårder og slott. Me har to lokale for selskap, Spisesalen og Konsertsalen, dei har plass til 70 og 80 i gjestebod, me har også Vinkjelleren som er eit lite selskapslokale til små private selskap, med plass til 12 gjester.

Mountain Adventures

Ofte blir det berre med draumen! Mountain Adventures har som mål å realisera draumar. Mountain Adventures tar deg med til fjells for å visa kva det har å by på. Det er vilt, rått og vakkert. Å vera i fjellet er rekreasjon av ypperste klasse. Fjellet og naturen er rein medisin. Så ber du på ein draum om å komma til fjells, -og samtidig litt ut av komfort-sona. Og har du lenge hatt lyst til å gå den turen eller stiga opp den toppen – gjer det saman med oss. Vi vil hjelpa deg med å realisera draumen og du vil ikkje angra!

Lysøen

Ole Bull henta inspirasjon frå heile verda til dette huset. Her finst utskorne roser av lokalt opphav, davidstjerner og mauriske bogar inne og russisk løkkuppel som det mest eksotiske sett frå utsida. Museet Lysøen er ope om sommaren, i opningstida går det båtskyss frå Buena i Lysefjorden. Museet Lysøen er einaste museet som ligg i Os. Museet vart etablert i 1974, då etterkomarane etter Ole Bull donerte eigedommen til Fortidsminneforeningen.