Holdhus kyrkje

Kyrkja blei truleg bygd på 1720-talet, med rikt dekorerte interiøret i sterke fargar, gjer henne til ei av dei finaste etterreformatoriske kyrkjene i Noreg. Her er også ein heilt spesiell gjenstand frå 1400-talet: Noregs einaste måla madonnaskulptur i stein.

Ei vakker etterreformatorisk kyrkje. Kyrkja blei truleg bygd på 1720-talet, kort etter at ei stavkyrkje som tidlegare stod på staden, blei riven. Interiøret er dekorert med stor målarglede med blomsterranker, draperi og figurar framstilte i sterke fargar. Kyrkja har ei komplisert bygningshistorie og har delar frå ulike periodar. Koret er frå midten av 1800-talet, skipet er frå tidleg på 1700-talet, og tårnoppbygget er endå eldre. Preikestolen er frå 1570 og er dekorert med ulike utskjeringar av palmettar (stiliserte palmeblad i vifteform), kuler, diamantformer og karveskurdshjul. I koret heng ei katekismetavle frå 1590. Kyrkja var i privat eige fram til 1876. Då blei ho gjeven til kyrkjelyden, som seinare selde henne for riving til hotelleigar Hans Holdhus, som igjen selde kyrkja vidare til Fortidsminneforeningen i 1900.

Holdhusmadonnaa: Holdhusmadonnaa frå 1400-talet er Noregs einaste måla madonna i stein frå mellomalderen. Steinskulpturen av Maria og Jesusbarnet var til behandling hos NIKU i litt under eitt år og kom attende til Holdhus kyrkje 14. juni 2012. Sjølv om fargane har bleikna og maling har losna, var skulpturen nokså godt bevart. Då skulpturen kom til konserveringsatelieret, var store delar av den dekt av støv og mygl. Det hadde runne tjære nedover skulpturen. Tjæra stammar truleg frå stavkyrkjetida. Holdhusmadonnaa blei reinsa og laus måling konsolidert (limt på). Tjærerestar som det ikkje let seg gjere å fjerne, blei kamuflerte med ei vassbasert måling i same farge som den tilstøytande lokalfargen.

Åpningstider:

Lørdager og søndager i juli, kl. 12-16. Ellers åpen etter avtale.

Prisar:

Vaksen (over 18 år): 60,- Born: gratis

Grupper med min 10.pers: 50,- pr. pers. Minstepris totalt for omvisning, etter bestilling: 300,-

Adresse:
Fv123 240

5640 Eikelandsosen

T: 944 53 696

hordaland@fortidsminneforeningen.no