Bjørnafjorden Opplevelser

Unike og skreddersydde opplevingar i og rundt Bjørnafjorden for verksemder og privatpersoner. Kajakk, fisking, dykking, båtturer, eventer og teambuilding for verksemder… og mykje meir!

Bjørnafjorden opplevelser vart starta av ein familie med stor maritim interesse, som bruker einkvar anledning til å leike anten på, i eller under sjøen så lenge været tillater det.

I eit naust på Søre Øyane i Bjørnafjorden arrangerer dei padling i kajakk, dykking, snorkling, fiske fra land eller båt, ein smak av fjorden eller fjordcruise. Opplev den vakre, norske naturen frå sjøen og kjenn vinden i håret. Er du heldig, vil du få ein smak av fersk, sjølvfanga kamskjell og fisk, rett frå fjorden.

Hugo Hansen, Britt Elisabet Fjæreide, Christian Evje Olsen og Anna Fjæreide Helland er alle aktive i selskapet og genuint opptatt av å levera minnerike kvalitetsopplevelser med det lille ekstra. Du kan vera sikker på at dei gjør alt i sin makt for at du skal få det beste ut av ditt besøk i Bjørnafjorden!

Sjøen kan være et ukjent element for mange, og dei har difor eit høgt fokus på sikkerhet og tett oppfølging. Med instruktørar som har bakgrunn fra blant anna Forsvaret og NOSEFO Bergen (Sikkerhetssenter for offshore) kan du stole på at du er i trygge hender.

Du får redningsvest og alt av utstyr du skulle trenge. I tillegg har dei stor kompetanse om fjorden og det dei driv med. Du vil aldri reisa der i frå utan å ha lært noko nytt om fjorden og dyrelivet i den.

Adresse:
Røttingavegen 441
5216 Lepsøy

T: (+47) 920 65 465

post@bjornafjordenopplevelser.no