Bjørnafjorden som reisemål

I Bjørnafjorden finn ein aktivitetar i alle kategoriar gjennom alle sesongar. Frå vassport og seglfly, til galleri og severdigheiter, og merka turløyper til fjelltoppar med spektakulært utsyn mot fjorden.

Bjørnafjorden er noregs breiaste fjord og ligg som eit basseng omgitt av fortryllande fjellandskap, 3 mil sør for Bergen og Flesland.

Her finn ein aktivitetar i alle kategoriar gjennom alle sesongar. Frå vassport og seglfly, til galleri og severdigheiter. Merka turløyper til fjelltoppar med spektakulært utsyn mot fjorden, og milevis med oppkøyrde skiløyper og alpinanlegg på Kvamskogen gjer også Bjørnafjorden til ein fantastisk destinasjon for friluftsliv og naturopplevingar.

Bjørnafjorden byr også på eit variert overnattingstilbod med fleire hotell, campingplassar, motell og hytter. Omgitt av vill natur er tilgongen til førsteklasses råvarer umiddelbar. Dette blir gjenspegla i eit tydeleg fokus på lokale mattradisjonar, gardsmat og småskala produsentar.

Langs fjorden finn ein sjarmerande bygder, rike på kultur, historie, lokalmat og opplevingar.

Vil du bli medlem?

Driv du med noko som kan vere av interesse for besøkjande?

Ta kontakt med Visit Bjørnefjord, og få din plass på denne sida.

post@visitbjornafjord.no