Oselvarverkstaden

Oselvarverkstaden ligg ved Oselvo i Bjørnafjorden kommune. Her tar dei vare på kunnskap om bygging, bruk og reparasjon av Oselvarbåten. Båten og tradisjonen er ført på UNESCO si liste over immateriell kulturarv.

Oselvarverkstaden starta opp i 1997. Då vart dei to siste båtbyggjarane som levde av å byggja oselvarar tilsett på den nyoppstarta verkstaden. To yngre, fagutdanna trebåtbyggjarar som ikkje hadde bygd denne båttypen før vart samstundes engasjert. Oselvarverkstaden er i dag ein godkjent lærebedrift og fleire båtbyggjarar har teke fagprøven sin her. Tre av dei er i dag fast tilsette som båtbyggarar på Oselvarverkstaden. Båtbyggarane kan steg for steg følgja det «faglege slektstreet» sitt tilbake til Lars og Jørgen Tøsdal. Oselvarverkstaden tek såleis vare på ein 300 år gammal dokumentert, samanhengjande båtbyggjartradisjon.

Oselvaren vann i 2009 redningsselskapet sin nasjonalbåt-kåring, og vart med det Noregs nasjonalbåt!

Oselvarverkstaden tilbyr og omvisning med film / foredrag.

Du kan og bygge ein virtuell oselvar i Oselvarverkstaden sitt heilt eige VR-spel! Ta på brillene, grip handtaka og – vips er du inne i ein tilsynelatande verkeleg båtbyggarverkstad.   Lær om arbeidsmetodar, historie og korleis ein oselvar blir til gjennom eit Oculus Quest-headset! Du kan lasta ned spelet frå nettsidene til Oselvarverkstaden.

Adresse:
Hamnevegen 41
5210 Os

T: 966 33 531