Oppføringer av post@visitbjornafjord.no

Lysekloster

Klosteret vart grunnlagt i 1146 av munker frå Fountains Abbey i England.

Då bisp Sigurd i 1146 skipa Heilag Maria kloster til Lyse, la han samstundes grunnlaget for det som meir enn noko anna skulle koma til å prega Osbygda gjennom meir enn 700 år. I cisterciensarordenen si ånd skulle munkane arbeida hardt og leva i fattigdom. Dette hindra likevel ikkje at klosteret snøgt vart både rikt og mektig, og på ymse vis la under seg dei fleste gardane i Os.

Ruinane er i dag delvis restaurerte, og er utan samanlikning den mest besøkte attraksjonen i Os. Ruinane av Lyse Kloster høyrer til Lyse Kloster Hovedgård og er soleis den dag i dag privat eigedom.

Adresse: Lysekloster
Opningstider: Heile året
Entré: Gratis
Tilkomst: Om lag 10 minutt med bil/taxi frå Os sentrum 20 minuttar å gå frå kaien på Kafe Ole B.

Heng med oss

Heng med oss tilbyr overnatting i hengekøye. Du kan leige heile, eller deler av, utstyrspakken som skal til for ei komfortabel natt i hengekøye. Dette inkluderer ferdig opphengd hengekøye, liggeunderlag spesialtilpassa hengekøye, rein og varm sovepose, tak (tarp) og myggnetting. Det er også mogeleg å leige lavvo, bålpanne og ved, og du kan tinge mat til kvelden eller morgonen. Ta med familie eller vener til ei minnerik overnatting på ei av våre nydelege destinasjonar i Bjørnafjorden.

Vitalreiser

Vitalreiser er ein turoperatør i Bjørnafjorden som produserer og tilbyr pakkereiser både til inn- og utland. Reisemåla utanlands er til Kypros og Lanzarote haust og vinter, ei eller to veker, med charterfly frå Flesland ein gong i veka. Turane i heimlege strok går for det meste med buss, og varer frå to til fire døger.

Tysnes Hytte og Båtutleie

Tysnes Båt- og Hytteutleie har båtar til vekeleige, delvis dagsleige. Alle båtar er inkl cardplotter/eccolodd. Vi held til på Uggdal/Tysnes Vi tilbyr òg fiskeguiding på norsk, engelsk og tysk og hjelper deg å få den store fangsten. Guiden kjenner området og veit kvar det er fisk å få. Vi tilbyr kurs i sjøfiske, spesiell djupvassfiske etter lange, brosme etc. ifrå 6 timar til heile dagen.

Moldegaard

Like sør for Bergen finn du magiske Moldegaard. Med sin praktfulle park og fortryllande utsikt over Bjørnefjorden, med glimt av Rosendalsalpene, Melderskinn og Folgefonna i horisonten, er Moldegaard den ideelle staden for bryllaup, julebord, dåpsfestar, konfirmasjonar, kurs og konferanse og dessutan andre store markeringar.

Bjørnefjorden Golfklubb

Bjørnefjorden Golfklubb har ei 9 hols golfbane av god standard, idyllisk liggjande rett utanfor Os Sentrum. Her finn du også eit av dei beste treningsanlegga med pitch&putt bane, fleire treingsgreenar og delvis overbygd drivingrange med 18 plassar. I klubbhuset har me proshop med godt utval, kafeteria og 2 rom med kunstgrasgreen og 2 simulatorar. Stor parkeringsplass , med 4 tilrettelagde plassar for golfarar med bubil.

Os Travel

Osøyro er Bjørnafjorden sitt naturlege senter med mange fasilitetar og opplevingar, nær Bergen og Flesland lufthavn.
Sidan 2018 har vi drive turistinformasjonen på kaien i Os, i tett samarbeid med kommunen. Her tilbyr vi rikeleg med informasjonsmateriale, utlån og utleige av el-syklar, servicebygg med dusjar og vaskefasilitetar, båtutleige, sal av billettar, anna reisebyråteneste og god service. Vi er også vertskap i Os hamn, som er kommunen sin nest største overnattingsplass.