Os

Det ligg ei bygd mellom fjordar og fjell i Hordaland

Os vart oppretta i 1838 og er Hordaland sin fjerde største kommune med 20 781 innbyggjarar (3. kvartal 2018). Kommunesenteret er Osøyro. Over halvparten av innbyggjarane bur på Osøyro, elles ligg dei største busetnadane på Søfteland, Søre Neset, Nore Neset, Søre Øyane og i Lysefjorden. Os grensar til Bergen og Samnanger i nord. I aust, over Fusafjorden, ligg Fusa kommune. Sør for Bjørnefjorden ligg Tysnes kommune. Svinningen (842 m.o.h.) er både høgaste fjelltopp og nordlegaste punkt i kommunen. Kommunevåpenet er ein oselvar i gull med ei stor rose og ni små roser over, som symboliserer båtbygging og rosemåling - tradisjonsrike handverk i Os.

Stor folkeauke

 Frå 2004 til 2014 auka folkesetnaden med 4067 personar. Dette tilsvarer ein auke på 21,7 prosent. I 2040 er det venta at folketalet vil passere 30 000 innbyggjarar. I 2013 pendla 5044 personar/40 prosent av innbyggjarane over 18 år ut av kommunen. I tillegg til kommunal sektor (helse, undervisning), har Os kommune flest arbeidsplassar innan varehandel, bygg og anlegg og industri. Det er 1478 registrerte verksemder i kommunen.

Destinasjonar i Os

Moldegaard

Er-An Vegkro

Havnechefen

Galleri Solbakkestova

Oskoppen

Øvreeide Gard

Bjørnafjorden Opplevelser

Osbuss

Peppes Pizza

Oseana Kafé og Restaurant

Osfest

Vitalreiser

Fjordfolk

Os Travel

Amfi Os

Bjørnafjorden Hotel

Osbadet

Oselvarverkstaden

Oseana Kunst & Kultursenter