Skorpo

Her finn du ei god hamn, tilrettelagt med fortøyingsboltar på neset og ein liten og ein stor kai inne i Tednevågen. Friluftsområdet har ellers ei badevik med sandstrand og fleire naturskjønne svaberg og badeviker.

Området har to naust som er med i kystleia, til fri bruk for dei som vitjer området. I enden av det største naustet er det også toalett tilpassa for rørslehemma og rullestolbrukarar. Informasjonstavle med kart ved nausta. Fleire faste griller og bord og benker er plassert ved det største naustet og i badevikjo. Det minste naustet er åpent i sommarsesongen, og kan nyttast som dagsturhytte av dei som vitjer friluftsområdet. Hugs å rydde etter
deg.

Fortøying ved kai i maks. et døgn når det er stor båtutfart.

Skipsmeklar Fridtjof Sundt bygde opp eige feriested på Skorpo, mellom anna musikk og kjeglehall. Fridtjof Sundt var utan arvingar og i testamentet gjorde han det klart at inga privatpersonar skulle få kjøpe hans bit av Skorpo, men selgast til ein organisasjon. I 1923 kjøper fagforeninga i posten eigedommen. Dei neste 70 åra var eigedommen ei ynda ferieplass for tilsette i posten. I 2005 vart eigedommen kjøpt av Os kommune og delt i to. Den vestre delen med badeviken vart overtatt av Bergen og Omland Friluftsråd med tilskot frå Miljødirektoratet.

Frå friluftsområdet går det sti opp til mellom anna musikk og kjeglehallen og til utsiktspunktet på Tednevåghenen. Vis omsyn til privat eigendom om du går innover på øya. Stiene er ikkje skilta.