Tønnegården

Tønnegarden tilbyr opplevingar og tradisjonsmat i trivelege lokale. Her vert det både laga tønner og tønnemøblar og baka brød, lefser, flatbrød og kaker.

Handverkarar i arbeid

Tønnegarden er eit èconomusèe og visningssenter. Møt inspirerte handverkarar som brenn for tradisjonshandverk. Som besøkjande får du lære om faget og oppleve produksjonen, sjå ei tønne vert til! Me ynskjer å vise deg tønna si historie, samtidig som du får ei unik oppleving.

Alle sansar kan tas i bruk ved eit besøk hos oss, det dufter herleg av tre, strukturen i treverket er godt å kjenne på, du kan høyre dikselen slå, du får sjå det brenn livleg i trespon som varmer opp tønna. I gardsbutikken er sjansen stor for at også smakssansane får ei god oppleving.

Tønner er å få kjøpt i vår butikk, me har tønner i ulike storleikar, stampar, tønnestolar, og andre produkt for sal. Det kan vere noko leveringstid på tønneprodukta.

Omvisning i tønneproduksjonen

Sjå ei tønne vert til- frå stav til tønne med historie.

Gruppe inntil 15 personer
Kr. 1500,-
Gruppe inntil 25 personer
Kr. 2000,-

Me har plass til mange, men er gruppa stor (over 25) anbefaler me å dele i to grupper for best mogleg oppleving.

Leige av lokaler

Selskapslokale

  • Antal personer: 15 – 80

Møtelokale

  • Antal personer: opptil 80
  • Store og små grupper

Handverktradisjonar frå Bjørnafjorden

Kunsten å laga tønner er utdøyande, men på Tønnegarden er det storproduksjon! Her har me eit flott visningssenter i nye lokaler. I ny verkstad tilbyr bøkkaren omvisning i tønnefabrikken. Her får du sjå handverkaren i arbeid og ei unik innføring i bøkkerkunsten. Kunnskap og handtverk har vore overført frå slektsledd til slektsledd. Jostein og Oddvar er 4. og 5. generasjon bøkkarar, og dei har fått med seg lærlingen Endre for å halde liv i den gamle tradisjonen.

Me har òg lyse og trivelige lokaler for selskap. Her kan du få ei tradisjonell matoppleving med deilig steinomnsbakt brød, lunsj eller middag frå vår meny.

Steinomnen

I hjartet av bygget ligg vår vedfyrte bakerovn. Ovnen blir brukt til alt frå fantastisk pizza steikt ved 350-400 grader og nydelege rustikke brød, til langtidsteiking av kjøt, steik og desserter mm. Varmen, lukta og røyken som stig opp frå pipa når me fyrer, er ein viktig del av historia vår. Her ryker det dagleg frå pipa, frå bakeriet, eller frå tønneproduksjonen.

Vestlandsk fjordfe

På garden har det i alle år vore drive mjølk og kjøttpoduksjon. I dag har me ca 10 ammekyr av rasen vestlandsk fjordfe.

Vestlandsk Fjordfe er ein gamal storferase som har vore utrydningstrua, men som no har fått ny renessanse på grunn av det smakfulle og særeigne kjøtet. Rasen er noko mindre enn mange andre rasar, men har ein nydeleg utsjånad og eit flott marmorert kjøt.
Me fokuserer på at dyra våre har det godt for å få best mogeleg kvalitet. På sommaren får dei gå ute i det fri. Frisk luft og mykje godt gras, gir god mjølk og smakfullt kjøt.

Kjøtet har me for salg i vår gardsbutikk. Me lagar og ferdige produkt som kjøttkaker, kjøttboller, karbonader, gryter, pizza og anna. I våre produkt brukar me òg mykje hjortekjøt. Hjorten er ofte å sjå like utanfor døra hos oss.

Åpningstider:

Mandag til fredag

09 – 16 (ellers etter avtale)

Matservering og omvisning må forhåndsbestilles

Adresse:
Samnøyvegen 60
5642 Holmefjord

T: 97 11 11 53